Hei!

HAUSTFERIE!

For mange går haustferien mot slutten, andre skal nett til å starta. Korpssesongen er i gang, for dei fleste på ein litt annan måte enn vanleg. Det er gledeleg å registrera at korpsa er svært flinke når det gjeld smittevern, og at dei fleste no finn ei løysing for å halda oppe aktivitet. Eg vil her minna om den siste justeringa av teksten i avklaringsdokumentet for korps og drill frå 30.09.

Endringane i dokumentet er utheva i kursiv og er først og fremst ei presisering av det som gjeld. Tilrådinga 1,5 meter kan definerast som avstanden mellom nasetippen din og naboen sin. Dette vil så gje 1 meter frå skulder til skulder. Samstundes; dersom rommet gjer det mogeleg med større avstand: flott! Det som nok (framleis) er mest krevjande er å halda avstand i pausar og ved oppstart/slutt på øvinga…. obs, obs! Det kan vera vel verd å lesa dokumentet med jamne mellomrom, og eg er sikker på at de framleis vil vera like flinke som de har vore fram til no.

Korona fører med seg mykje. For ei veke sidan fann Forbundsstyret å måtta avlysa NM brass og NM janitsjar i 2021. Slike avgjerder er aldri lette å ta, og forbundsstyret valde derfor å også be regionane om råd. Eg føler difor at vedtaket har ei god forankring i heile organisasjonen, og meldingar i etterkant tydar på at mange er glade for at vi tok avgjerda allereie no. NM-korpsa mista ein viktig arena, og vi ser det alle som viktig at vi klarar å få til nokre gode alternativ. Her kan(!) det vera snakk og digitale løysingar og/eller «kortreiste» arrangement med lav praktisk og økonomisk risiko. Dette satsar vi på å kunna seia meir om innan kort tid.

Neste veke vert Statsbudsjettet for 2021 lagt fram. Kanskje meir spanande enn nokon gong. På kva måte vil koronasituasjonen setja stempelet på neste års budsjett? Vi kjem til å følgja nøye med!

Eg er også svært spend på neste helgs landsmøte i NMF. Det blir heilt sikkert god behandling av sakene og gode tankar om framtida. Men: eit digitalt landsmøte har vi aldri gjennomført før. Landsmøtet var eit av dei mange arrangementa vi måtte avlysa i vår, men no skal det endeleg fattast gode, demokratiske vedtak om vegen videre i NMF. Landsmøtet kan du følgja på livestreamkanalen vår.  På same kanal kan du også få med deg gårsdagens episode av Ambis. Det sentrale tema var Ungdommens Musikkmesterskap, det strålande tilbodet til ungdommen vår.  

Ha ei fin helg, og til dei som skal: God haustferie!

Mvh oss i NMF
Karl Ole

Beste helsing
Karl Ole Midtbø
Generalsekretær
Tel: +47 90 14 16 11

www.musikkorps.no

NMF_logo